Eit hus
må du sjå
både utanfrå
og innanfrå.
Ikkje
berre fasaden
Komme inn
kjenne hjertevarmen
men gløym likevel ikkje
uterommet
med utsikt
utover
til universet
og innover…..
UM FYSIKKEN
SI RÅDLØYSE
Gjeng ikkje an
å nytte formelen
for skrått kast
for å skildre
tanken sin bane
frå kosmos
til kaos.
Tanken
si tyngde
har inkje med G
å gjere.
Ideen
si lygn
eller sanning
kan ikkje provast
med lakkmustest.
Poesien
sine venger
har ikkje fjør.
Den stranda
du har lengt etter
lar seg kje feste
te fim.
Men draumen
sin brittsjø
vil
til alle tider
bryte
i ditt sind.
__________
Eg trivst ikkje
lenger
med rim,
som den første aning
av frost
der alt inni deg
frys.
Då heller
den fri
poetiske pust
stakkanda
eller rolige
jamne drag,
alt etter
kvar kjenslene dine
er
kva du føler
når sol
går ned
og natta
sig på.
At hjerte
rimer på smerte
har ikkje noko
med saka å gjere
berre
eit lingvistisk
slumpetreff