Drøymde som gut
men aldri om fjerne
farvatn.
Berre om kjente tjern,
der eg kunne spegle
meg sjølv
og mi verd
slik eg kjente ho
då.

No ber det
mot framande kystar
likevel,
kan hende,
men konsertrert
og kontrollert.

Dråpar av oseanet
ført inn med kanyle
i små doser.
Så eg får tenkje
og planleggje
før ferda
gjeng vidare.

Men  he vore storm
i vassglas før,
så kvifopr ikkje
i ei kanyle
og ?

Framande kystar
te slut ?

Men no
nyt eg landliggje
med utsikt.

____

Når diktet e skrive
lev det vidare
inni deg

som ei sele,
ikkje uroa
av ord.

____

Dikt
e som draumar
og livet.
Sterkare
og meir varige
når dei ikkje
vert skrive ned.

Berre opplevd.
Blekk
berre blaknar.

____

Å fyre
med rå ved
for å halde varmen
e
som å skrive
dikt
for å kunne
leve

Du fornemmer
paradiset
men så kjenner du
det sotar.

____

SVEVANDDE
Farmor
var vaskekone
i sparebanken

men og
himmelstormar
i baptistkyrkja.

Eg sende
svirrande propellar
mot skyane
medan
ho vaska.

Trakk i snora
så dei starta
rotere
og steig
mot det blå.

Hugsar  enno
korleis eg steig
sjølv
og.

____

SNE
Varm vind
og lav sol
over Molde
idag,
som om vinteren
hadde glemt oss.

Men kommer nok
i år
også.

Som tannlegesøsteren
på folkeskolen,
plutselig,
kledd i hvitt.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *