Sume blomor
vert plukka,
vert stilde ut
på dukar
av damask
og får åtgaum
før dei visnar.
Andre blomor
vert ikkje ansa,
og lever sitt liv
bortgløymd
blant stein og gras
til vinteren kjem
og tek dei.
Men dei kjem opp att
til våren.
_____
Også
ein liten tanke
kan verte
eit stort dikt.
Gjeld berre
å late han
få vekse.
Ikkje
i høgda
men i djupna.
Ikkje i tyngda
men i lengten
etter å flyge.
Videre ikring
ifrå sinn
til sinn.